Gå til Rogalandteater.no

EG ER VINDEN

Category:

Foto: Grethe Nygaard

LES MER

About

Å gje ei stemme til det som ikkje kan seiast.
I haust gjev Victoria Meirik, som tidlegare har sett i scene fleire Fosse-stykke, seg i kast med Eg er vinden. Der me får me vera med to personar på ein båttur, eller kanskje har turen alt funnen stad? Kan henda er det berre eit minne me får sjå. Eit minne av dei to i båten, der dei slåst mot bylgjene, båten og sine eigne demonar. Korleis kan me nærma oss kvarandre og med kva slags språk? Kan me finna ord for å gripa dei store spørsmåla ved tilværet? Korleis kan me vera i verda, og korleis forstå ein som ikkje orkar? Slik kjernen i Fosses imponerande forfattarskap også handlar om: gje ei stemme til det som ikkje kan seiast.